Rekneskap
med struktur.
Løpande rekneskap, avstemming og rapportering. Ein strukturert økonomifunksjon med avklarte fristar, ansvar og leveransar.
REKNESKAP / RÅDGIVING / EIGAROPPFØLGING
Rekneskap og økonomisk oppfølging for eigarstyrte selskap. Med erfaring frå eigedom og tett dialog med verksemder som ønskjer meir enn ordinær rekneskapsføring. Frå Hardanger, med Stian Vika som din faste rådgjevar.
Meld interesse for samarbeidSvært avgrensa kapasitet ved oppstart i januar.
SAMARBEIDET
Du skal vite kva tala seier, kva som krev merksemd, og kva du bør følgje med på framover.
Samarbeidet blir tilpassa verksemda di, med ryddig rekneskap som grunnlag og avtalt oppfølging gjennom året. Eigedom er ein bransje eg kjenner godt, men arbeidsmåten passar også andre eigarstyrte selskap.
Løpande rekneskap, avstemming og rapportering. Ein strukturert økonomifunksjon med avklarte fristar, ansvar og leveransar.
Rapportering og oppfølging som gjer tala meir nyttige i kvardagen. For verksemder med prosjekt eller eigedom kan dette også omfatte prosjektøkonomi, kapitalbinding og finansiering.
Faste møtepunkt og økonomisk sparring med ein rådgjevar som kjenner verksemda. Rom for spørsmål, vurderingar og oppfølging.
Omfang, møtefrekvens og pris blir avklarte før oppstart. Tenestene blir sette saman etter behov og avtale.
LITEN MED VILJE
Eg byggjer ikkje Vika Økonomi for å ta inn flest mogleg kundar. Eg vil ha tid til å forstå verksemdene, følgje opp godt og vere ein relevant samtalepartnar for eigarane.
Teknologi skal gi betre arbeidsflyt og meir tid til dette arbeidet. Ikkje berre plass til fleire oppdrag.
BAK VIKA ØKONOMI
Eg er Stian Vika — statsautorisert revisor og statsautorisert regnskapsførar. Med master i revisjon og rekneskap frå NHH, erfaring frå PwC og fleire år som dagleg leiar i rekneskapsbransjen, byggjer eg no eit eige kontor i Hardanger.
Eg ønskjer å arbeide tett med eigarar som vil bruke økonomien aktivt. Hos Vika Økonomi skal du ha ein fast person å snakke med, korte vegar til avklaringar og ein tydeleg avtale om kva du kan vente av samarbeidet.
KOMPETANSE OG AUTORISASJONAR
Formell fagkunnskap og autorisasjonar er grunnlaget. Verdien kjem når det blir kombinert med faktisk erfaring, god kommunikasjon og tett dialog med eigar og leiing.
Vika Økonomi skal vere fagleg solid — og enkelt å samarbeide med.
Revisjonsfagleg kompetanse og blikk for kvalitet, kontroll og risiko.
Godkjent fagkompetanse innan rekneskapsføring og oppdragsansvar.
Vika Økonomi AS er etablert for å levere regnskapsføring innanfor dei faglege krava som gjeld for bransjen.
Bakgrunn frå PwC og fleire år med leiing av rekneskapskontor og kundearbeid.
Tett dialog, korte vegar til avklaringar og ein rådgjevar som kjenner verksemda.
FØR ME TEK EIN PRAT
Eit godt samarbeid startar med tydelege forventningar. Her er nokre av dei viktigaste avklaringane.
Vika Økonomi passar særleg for eigarstyrte selskap som ønskjer tettare oppfølging enn ordinær rekneskapsføring åleine. Eg ser etter samarbeid der god dialog, løpande oversikt og aktiv bruk av tala gir reell verdi.
Nei. Eigedom er ein bransje eg har erfaring med og rettar meg mot, mellom anna eigedomsselskap, utvikling, forvaltning og utleige. Samstundes er Vika Økonomi bygd for eigarstyrte selskap i fleire bransjar der behovet og arbeidsforma passar.
Det er svært avgrensa kapasitet ved oppstart. Eg prioriterer ein god start for kundane som allereie er avklarte, og tek ikkje inn nye oppdrag utan å ha rom for oppfølginga. Du er velkomen til å melde interesse for eit seinare samarbeid.
Utgangspunktet er faste månadsavtalar, tilpassa selskapsstruktur, kompleksitet og oppfølgingsbehov. Omfang, kva som er inkludert, og pris blir avklarte før oppstart. Tilbodet passar best for deg som ønskjer meir enn rekneskapsføring åleine.
Ja. Fortel kort om verksemda, behovet ditt og når eit samarbeid kan vere aktuelt. Ei interesseførespurnad er uforpliktande, men gir ikkje reservert plass eller lovnad om ein bestemt oppstartsdato.
NYE SAMARBEID
Fortel litt om verksemda di og kva du ønskjer hjelp til. Så kan me avklare om Vika Økonomi er rett for deg, og når eit samarbeid kan passe.
Eg vurderer nye samarbeid ut frå behov, omfang og tilgjengeleg kapasitet. Ei førespurnad er ikkje ei bestilling eller ein reservert plass.